Texan, but not really. Fabulous for sure. Tranish? Spot on. Not everyone has an adjective named after her. Hanging out with Tran, everything becomes incredibly more Tranish.
1,3 prosent av befolkninga i Suldal er aktive i Klyvarlaget. Klyvarane er i alderen 3 til 60. – Det er unaturleg å bevega seg vertikalt. Men du ser at du kan beherska det.
Mor til Maria, opprinneleg frå Jokkmokk, var mezzosopran ved blant anna Storan i Gøteborg. Maria blei årets baby i 1962 og treng ikkje mikrofon når ho syng. Ho lagar forøvrig verdas beste Jansons fristelse.
Generatorane frå 1936 og 1953 i Sand kraftstasjon skifta Herabakka på Elverket ut med ein ny, kolsvart ein, den til venstre. Til høgre er måleutstyret til gamle turbinar i kraftstasjonen frå 1916. Golvet er det same som for 92 år sidan.
Eg går og sleng rundt ein del med Nils Hallvard. Det er ganske fint. I Eidsvika fekk eg plutseleg det beste plasteret eit ørlite sår kan få (sjølv om det verka stort der og då).
Denne snodige grafittien gjekk eg forbi til og frå skulen iblant, dersom eg tok denne vegen. Så tok eg eit bilete av den ein gong, for det verka så sant i dét eg gjekk forbi.